Ferjefolk har mykje meir enn sveler å by på i denne boka

Sjanger: Sakprosa
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2024
Forfatter: Halvor Folgerø
Bok: Ferjefolket. Storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.
Anmeldt av Gro Jørstad Nilsen

Ein litterær tur på utvalde ferjesamband, til skrekk og fornøyelse.

Halvor Folgerø har gjort stor suksess med sine to bøker om dei gamle vegane her på Vestlandet. «Ferjefolket» er ein liknande bok om utvalde ferjesamband som ein gong var livsnødvendige langs vestlandskysten. Folgerø vitjar utvalde samband i Hordaland, Rogaland, Møre og Romsdal, og fortel samstundes historikken til ferjeselskap som gode, gamle HSD her i Hordaland. Det har gjort «Ferjefolket» til underhaldande kulturhistorie.