Kjærleik og galskap i vakker, fransk foreining

Sjanger: Roman
Forlag: Skald
Utgivelsesår: 2023
Forfatter: Marcel Proust
Bok: Swanns kjærleik
Anmeldt av Gro Jørstad Nilsen

Omsatt av Margunn Vikingstad

Skald sitt kjende klassikarutval veks med eit nytt meisterverk frå fransk litteratur.

Skald forlag, som held til på Leikanger, har dei siste åra omsett ei rekkje meisterverk til nynorsk. Den ferske nobelprisvinnaren Jon Fosse er ein fast omsetjar for forlaget, og det same er den bergensbusette litteraturkritikaren og omsetjaren Margunn Vikingstad.