Prisvinnande forfattar borar i kva det vil seie å vere norsk, eigentleg

Sjanger: Poesi
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2024
Forfatter: Brynjulf Jung Tjønn
Bok: Norsk kjærleik
Anmeldt av Gro Jørstad Nilsen

«Norsk kjærleik» er kritisk til eit system som gjer barn til vare.

Medan eg las forfattar og sogning Brynjulf Jung Tjønns nye diktsamling «Norsk kjærleik», publiserte NRK ei sak om koreanske barn. Den handla om at koreanske barn blei systematisk tvangsadoptert frå landet i fleire tiår.