Bergensforfatter med aktuell bok om mørke straumdrag i tida
Sjanger: Roman
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2024
Forfatter: Kristina Leganger Iversen
Bok: Det sanne og det synlege. Dialogar
Anmeldt av Gro Jørstad Nilsen
Ein bok med fiktive dialogar som set ord på kvinnelege erfaringar rundt blikk og begjær, som er best når dialogane ikkje blir for doserande.
Kva gjer du dersom ein eks-kjæraste skriv ei bok kor du er med i ei av scena, og sender teksten til deg berre for å informere om at du er med i boka? Etter alle åra med såkalla røyndomslitteratur er det nok mange som ber på liknande erfaringar som karakteren Albertine i «Det sanne og det synlege», som tek imot ein slik tekst.