Opprørsk roman om ei lomme i tida

Sjanger: Roman
Forlag: Oktober
Utgivelsesår: 2024
Forfatter: Tormod Haugland
Bok: Sirenene
Anmeldt av Gro Jørstad Nilsen

Frodig roman lagt til dei farlege hundedagane, kor det nokre gongar blir meir skjemt enn alvor.

Nett no er vi ein periode på året som blir kalla hundedagane. Det er kjend som ein farleg tid kor ting ikkje fylgjer vande mønster. Dette var folk meir klar over før i tida. «Sirenene» av Tormod Haugland, som kjem frå Radøy i Nordhordland, er lagt til hundedagane ein gong på åttitalet. Handlinga finn stad på garden til eg-forteljar Tormod Kolbrunargard.