Sjølve urforteljinga om livets byrjing i havet
Sjanger: Poesi
Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2024
Forfatter: Hildegunn Dahle
Bok: Huset jorda i vatn
Anmeldt av Gro Jørstad Nilsen
Dikt som skaper vakre, og porøse grensar mellom menneske, dyr og natur.
Trollplattforma er det høgste byggverket i verda / står på tre hundre meters djup, seier du» heiter det i eit av dikta i «Huset jorda i vatn», som er den niande boka til vestlandsforfattaren Hildegunn Dale. Dikta i samlinga utspel seg riktig nok ikkje på ein plattform, men på ei øy. Men i denne eigenarta diktsamlinga er det likskap mellom formar det handlar om, og ikkje skilnader mellom menneske og natur.